

| Startside - for Vegar | |
| Startside - for artikler | |
| Runddansen | |
| Turdans | |
| Songleik og Songdans | |
| 1900-tals dansane | |
| Kilder | |
Den fyrste dansen
Norsk folkedans slik vi kjenner han i dag, er for det meste parvis. I mellomalderen
var det kjededans som blei brukt som den sosiale dansen, her dansa alle med
alle. Langedansen er ein norsk utgåve av kjededansen, ei lang rekkje
med personar som held i kvarandre. I Hellas er det mange sydenturistar som
er blitt drege opp frå matbordet, for å være med på
ei gamal kjededanstradisjon - to steg til sida, og eitt tilbake. På
Færøyane held dei framleis festar med berre denne typen dans,
Færøydans, der alle syng gamle songar til dansen. Etter kvart
blei det laga ei endring i kjededansen. På slutten av kvart vers, eller
i refrenget til musikken, løyste dansen seg litt opp, gjerne parvis.
Vips - så var pardanstradisjonen der.
Pardansen
Den eldste pardanstradisjonen vi har i Noreg er bygdedanstradisjonen. Vi bruker
denne nemninga fordi dansen variere mykje frå stad til stad, frå
bygd til bygd. Bygdedansen kan delast inn i to ulike hovudformer, springar
og gangar. Som ordet seier er springar ein rask dans, gjerne i tredelt rytme,
medan gangar er ein rolegare dans ofte underdelt i to. Andre namn på
springaren som pols, springdans, springleik, runnom, gjerne med et distrikt
knytt til namnet, som telespringar, finnast. Variant av gangarnamnet kan være
bonde og parhalling. Dansen Halling er og ein bygdedans, men den er ikkje
ein pardans. Halling, eller laus som og dansen kallast, er ein solistisk dans
ofte med mye akrobatikk. Dansen ble ofte brukt i militæret i gamle dagar,
der ein skulle vise for dei andre kor spreke dei var. Når vi ser halling
i dag er det ofte sjølve hattesparket som er symbolet på dansen,
men før i tida var det like mye dei andre umoglege sprella dansaren
gjorde som imponerte tilskodarane.
Dei ulike variantane på springar og gangar er ofte bygd over same form. Fyrst er det ei vendingsdel, det vil seie at gut og jente held saman med ei eller to hender og gjer ulike motiv. Eit motiv kan vere at jenta svingar under armen til guten, eit anna kan være at guten fører jenta rundt seg med ei arm. I noen deler av landet er denne delen av dansen svært kort, og består berre av å gå ved sidan av kvarandre ei lita stund. Etter vendingsdelen kjem ofte ein lausdansdel, der begge dansarane dansar litt for seg sjølve. Til slutt er det ein samdansdel, der dei tek tak i kvarandre og går rundt saman.
Runddansen
Slik var grunnposisjonen for runddansen. Teikninga hentet fra Grunnbok i folkedans,
Bakka, Seland & Vårdal 1986.
Etter bygdedansen fekk vi ein ny populær danseform her i landet. I dag
er den ofte kjend under namnet gamaldans, som tyder gamal dans i forhold til
dei noe nyare danseformane swing og foxtrot. Vi kallar ofte denne dansegruppa
runddans, fordi alt i dansen bygger på å gå rundt saman.
Kjenneteiknet til runddansen er korleis ein står i forhold til partnaren
og korleis ein held i kvarandre (sjå bilete [går det an å
skanne et bilde frå turdansboka - som vi faktisk har rettighetene på
sjølv?]), og at det er ein parvis rotasjon gjennom heile dansen. Valsen
fekk namnet av korleis den såg ut, for å valse er å rotere
eller snurre rundt. I byrjinga blei all dans som hadde denne forma, både
i totakt og tretakt, kalla vals, fordi sjølve namnet ikkje var knytt
til noe anna enn korleis paret dansa.
Valsen, slik vi kjenner den i dag, kom truleg frå gamle folkedansar brukt i Sør-Tyskland og Austerrike. Røtene til desse dansane strekk seg heilt tilbake til 1500-tallet. Den eldste forma av vals blei omtala slik:
"( ), and were mostly peasant dances in wich wild hopping, stamping, an throwing of the female partner formed the oustanding features." [Mosco Carner: The Waltz (London 1948)]
Det som her blei omtala er mest sannsynlig ländler, ein sørtysk
folkedans. Dansen er bygd opp av forskjellige turar, der den siste turen truleg
er valsens opphav. Valsen blei fort populær i Noreg, allereie i 1799
høyrer vi om at det blei valsa i dei norske ballsalane.
"(
) The dances are, the waltz, which has always preference,
(
)" [Urup, Sjöberg, Bakka (red): Gammeldans i Norden. (Nordisk
forening for folkedansforskning 1988]
Ei annan runddans som dei fleste har høyrt om er polka. Polkaen kom på same tid som valsen, og bestod av akkurat same steg og måte å rotere på - berre at musikken var i totakt. I dag kjenner dei fleste til strekkbuksepolka, eller lettisk polka, som er ei konstruert dans antakeleg frå 50-talet. Dansen er bygd opp på ein annen måte med eit fast mønster, meir likt ein turdans, men dansen dansast til polkamusikk.
Reinlender kom noe seinare og er bygd opp mykje på same måte som polka og vals, berre med roleg totaktmusikk. Vi brukar ofte å ha ein del der ein går rett fram ved sidan av kvarandre, og deretter ein del der ein går rundt.
Den siste runddansen er masurka, og er vel den runddansen som skil seg mest ut. Den har ei litt annan form, og kan både i musikk og dans likne på vår eigen eldre bygdedans. Dansen består av ein del der paret beveger seg sidelengs i rommet, og ein del der paret går rundt saman.
Turdans
Dette er ei danseform som er oppretta på tvers av tida, og inneheld
alle dansane som er bygd opp over eit fast mønster eller ei fast form.
Av kjende turdansar kan vi nemne rilane våre, der seksmannsril er ein
dans mange skolebarn i dag kjenner. Dette er ein dans for tre par i ring,
med ulike formasjonar i fast mønster dansa til norsk rilmusikk. Andre
har kanskje dansa ein fransese eller ein polonese (marsj), som er dansar borgarskapet
dansa på sine ball på Hedemarken på 1800-talet. Desse formane
av turdans kallar vi kontradansar. Nyare turdansar kan vere små leikar
gjort etter runddansmusikk, som til dømes Rugen eller Lottistå.
Her er det runddans satt i ein fast struktur, og ein brukar ofte same melodi
til dansen.
Songleik og Songdans
Dette er dansar der dei som dansar er musikarane til sin eiga dans. Songdansane
er nærmast oppfunne i Noregs Ungdomslag, etter at Hulda Garborg hadde
vore på ei ferietur til Færøyane på byrjinga av 1900-talet
og sett kjededansen deira. Ho blei så tent på denne måten
færøyingane dansa på at ho med deira dans som utgangspunkt
laga ei norsk versjon og presenterte den for eit spent Kristianiapublikum.
Dansen blei fort populær, mykje fordi han ikkje hadde noe usømmeleg
i seg. I pardansane kunne ein flørte og sjå kvarandre inn i auga,
kanskje man tok seg ein dram eller to - og utpå kvelden måtte
ein sloss litt. I songdansen var ikkje dette tilfelle, ein kunne ikkje vere
like privat med sin partnar, fordi du dansa med alle saman heile tida.
Songleikane har vore lenger i bruk, og har vore ei måte barn har lært seg korleis ein blir vaksen. Ofte har songleikane blitt brukt av skuler og institusjonar nettopp for å oppdra barna, dette var særs vanleg i Sverige. Det mest populære songleikane var nok frierleikane, som handla om å parre gut og jente på ulike måtar.
1900-tals dansane
Dette er ei gruppe med dansar som omfattar alle dei dansane vi har dansa folkeleg
på1900-talet og fram til i dag. Det vil si dei dansane som blir brukt
i ein sosial situasjon, som bygdefest eller diskotek. Danseskoledansane er
ikkje folkeleg, og difor blei til dømes ikkje rumba ei folkedans. Swing,
foxtrot, tango og hip-hop har blitt moderne folkedansar. Dei er ennå
så nye at vi ikkje har fått tid til å kategorisere dei skikkeleg
endå, men berre vent!
Vegar Vårdal
Kilder
Aksdal, Bjørn og Sven Nyhus: Fanitullen (1993)
Semb, Klara: Norske Folkedansar - Songdansar (1985)
Semb, Klara: Norske Folkedansar - Turdansar (1991)
Dei sistnemnte bøkane er det mogleg å få kjøpt om ein tar kontakt med Noregs Ungdomslag.