Vegar Vårdal
newDirection
Startside - for Vegar Hjem - ikon
Startside - for artikler
   
   

 

Hjem - overskrift

Musikk og Dans som virkelighet (...)

Musikk og Dans som virkelighet og forestilling
Utgjeven av Norsk Folkemusikklag (Hans-Hinrich Thedens, red., skrift nr. 20 - 2006.

Norsk Folkemusikklag er ein organisasjon som ynskjer å inspirere til forsking, dokumentasjon og formidling av folkemusikk og folkedans. Dei blei skipa i 1948, og har sidan starten hatt eit årleg seminar kor forskarar tek opp aktuelle tema innan folkedans og folkemusikk. Sidan 1984 har dei gjeve ut årlege rapporter frå seminara, men rapportane har dei seinare årene blitt skrifter som ikkje nødvendigvis er i tråd med seminara. Alle artiklane er laga etter ei akademisk mal, med fleire referansar til liknande forsking innan andre fagfelt.

I år er det førestillingen om folkedansen og folkemusikken som står i sentrum. Anna-Maria Nielsen, frå Odense i Danmark, sin artikkel om debatten rundt riksscena tar tak i korleis ein har brukt ordet folkedans i denne debatten, og kva ein legg i ordet. Dette er ein debatt vi kjenner att i Noregs Ungdomslag, og ein debatt som òg har skapt Landslaget for Spelemenn og Norsk Folkemusikk og Danselag. Er det berre dei munnlege ubrotne traderte dansane ein vil ha plass til på riksscena, eller er det og plass til moderne formar av folkedansen. Døme på det siste er Hallgrim Hansegård sitt dansekompani Frikar og dansegruppa Fant & Fente. Skal ein gje sceneplassen til eit mangfald, eller skal ein spisse det meir og berre vise det opphavlege eller det eksperimentelle?

Ingrid Åkesson, frå det svenske visearkivet i Stockholm, har forska på spørsmålet: kven er den musikalske spesialist? Er det kvinna eller mannen, er det dei som speler på eit instrument eller dei som synger? Åkesson tar opp dei ulike roller mannen og kvinna hadde og har i folkemusikken, og kva slag instrument dei speler eller syng. Er det så at spelemannen har høgare sosial status enn den som synger ved husandakter? Er det slik at songen høyrer heimen til og spelet blir brukt ute i sosiale lag, og får gjennom det høgare status? Og korleis er dette i dag? Har ikkje trivielle daglege songar no fått ein status som høgverdigkultur gjennom å bli framført på scener?

Per Åsmund Omholt, Rauland, har fått æra av å opne skriftet med diskusjonen om korleis vi nyttar ordet tradisjonsområder i folkemusikk og folkedansmiljøet i dag. Dette er ofte knytt til kva slått ein kan framføre på kappleiksscena, kva slag folkedrakt ein kan ha på seg, og kva dans ein har lov til å danse - for å sette det noe på spissen. Omholt bruker musikken som døme, men eg las debatten som ei diskusjon kring dette omgrepet innafor heile den norske folkelege kulturarven.

I tillegg finst det ein artikkel om spelemannen frå Bygland, Nere Gunsteinson Nese, skriven av Vidar Lande - professor ved tradisjonskunst ved Høgskulen i Telemark. Olav Sæta, førsteamanuensis ved Norsk Folkemusikksamling i Oslo, har skrive ein artikkel om felestiller i feleverket. Også dette skriftet tar for seg eit evigvarande diskurstema som tonaliteten i folkemusikken, denne artikkel er skrevet av Steinar Ofsdal, musikar frå Oslo. Anne Murstad har skrive ein rapport frå European Seminar i Ethnomusicology, Jokkmokk, Sverige.

Skriftet har som tidlegare år med eit kapittel om masteroppgåvene som er skrivne om folkemusikk det siste året. Det er i tillegg eit kapittel med ein kort biografi om forfattarane av artiklane.

Dette skriftet er ei viktig årleg utgjeving frå dei som forskar på vår kulturarv, og fagmiljøet treng eit fora å diskutere i. Vi som utøvar og brukar av kulturarven bør og vere interessert i kva mota er og kva ein legg vekt på i nåtida. Sjølv om nokre av artiklane er veldig akademisk skrivne, vil ein få eit innblikk i kva som føregår i miljøet. Artiklane er i år noe ujamne, og sjølv om det er bilde av eit dansepar på framsida, vil ikkje dette bety at ein skriv mykje om dans i skriftet. Eg håpar at neste skrift vil ta for seg meir av det som skjer i dansemiljøet, for det er der det kokar for tida.

Vegar Vårdal, oktober 2007