Vågå Konsertserie

Vi ønsker å by på både kjent stoff og overraskelser, og spenne over et bredt spekter av sjangere. God musikk i trivelige omgivelser.

Både årskort og billetter kan kjøpes på Tikkio. 

Både årskort og billetter kan kjøpes på Tikkio. 

Vi kan i år presentere et program med åtte ulike konserter. Det skal være et tilbud for enhver smak og alle aldre. Med flere konserter i sommerferien ønsker vi å være et tilbud også for feriefolket.

Det skal være enkelt å dele gode musikkopplevelser, og vi håper mange kommer igjen og igjen. Derfor har det vært viktig for oss å kunne tilby gode konserter til en rimelig pris. Hver konsert koster kr 150,- for voksne, eller 500,- for et årskort. Barn og unge under 12 år er gratis. Kulturrådet har bidratt med økonomisk støtte, og med en god del egeninnsats i starten håper vi å kunne etablere et årvisst tilbud. Med en langsiktig satsing håper vi å kunne tilby spennende artister i flere år fremover og bidra til utvikling av kulturbygda Vågå.

Dag & Ingunn - Mette & Vegar

 
 

Copy of Vågå Konsertserie - Header 3-2.png

8 mars: Aslak Brimi kvartett

Nye feleslåttar kledd med barrysaks, bratsj og cittern! Tettvevd og intrikat. Dette er Aslak Brimi Kvartett. I lag med Aslak Brimi på fele består kvartetten av Bjørn Kåre Odde (bratsj/fele), Svein Tore Werstad (saksofon) og Espen Wensaas (cittern/gitar). 

Spelmannsmiljøet i Lom har alltid hatt mange som har laga slåttar sjølv, og Aslak Brimi fylgjer opp i denne tradisjonen. Det er rytmiske og suggerande slåttar, inspirert av den råe og kraftige gudbrandsdalske springleiken og hallingen. Det er og dei vare og nakne låtane, rolege slåttar der arrangementa er enkle og nære. 

Aslak Brimi frå Lom er mest kjend for sitt arbeid med tradisjonsmusikk frå Ottadalen, både innsamling, tradering og utøving. Han har grunnlaget sitt frå Lom spelmannslag, og gjekk i lære hjå lokale spelmenn. Aslak Brimi er ein aktiv felespelmann, og har gjeve ut mange album med tradisjonsmusikk både som aktør og produsent. Aslak Brimi Kvartett er det fyrste prosjektet med han sjølv og hans eigne slåttar i sentrum. 

Bjørn Kåre Odde har gått same spelmannskule som Aslak i Lom spelmannslag, og tok vegen enda lenger på NMH. Dette har ført til at han er ein av dei beste og mest spennande musikarane vi har. Espen Wensaas trakterer det som er av klimpreinstrumenter. Som slåttegitarist er han av dei beste: særegen og nyansert. Svein Tore Werstad og Aslak har spelt ilag med i over 10 år. Springleik og barytonsaksofon har vist seg å vere ein bra match. Werstad har ei rytme og melodikjensle mange kan misunne han. I lag som kvartett vert instrumenta fletta tett saman; intenst og fargerikt.

I mars 2018 kjem det nye albumet til Aslak Brimi Kvartett: Vev. Eit spennande, fargerikt og tettvevd album.   

 

Foto: Johannes Selvaag

Foto: Johannes Selvaag